Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Overgang til fullelektronisk arkiv

Acos WebSak

Frå og med 01.01.2008 gjekk Vågsøy kommune over til fullelektronisk arkiv; Acos WebSak. Det vil seie at enkelte saker og personmapper (personal, barnehage og skule) har mapper i både papirarkiv og database i Acos WebSak. 

Skarpt skille

Vågsøy kommune oppgraderte til versjon 7.0 den 22.08.2016 og tok med dette i bruk WebSak Fokus for sakshandsamarar. Dette førte til eit skarpt skille og ein fekk då:

- Historisk database "Vågsøy 08-16": 01.01.2008 - 21.08.2016
- Dagens database "Vågsøy" 22.08.2016 - 31.12.2019

Den 03.11.2018 oppgraderte ein til versjon 7.1. 

Visma

I 2017 starta prosjektet med implementering av NOARK5 arkivkjerne til fagsystema Visma Omsorg Profil, Visma Familia, Visma Velferd og Visma Flyktning/Vaksenopplæring.

Desse vart fullelektroniske følgande datoar:

- Visma Omsorg Profil frå 01.02.2018
- Visma Familia frå 19.06.2018
- Visma Velferd frå 17.01.2019
- Visma Flyktning/Vaksenopplæring frå XX.XX.2019

Laster...